Oddmund Gravdals 1969 404

Sendt inn av Oddmund Gravdal

Det var for halvtanna år sidan at eg kom over ei annonse i Norsk Motorveteran om ein ’69 404 til sals i Bø i Telemark. Å lesa annonser i den slags publikasjonar gjer eg støtt. Så drøymer ein seg bort for deretter å sukka djupt og tenka at ein skulle så gjerne hatt råd. Men denne gongen var det annleis. Prisen var på rette sida av vetig, tilstanden var nær nok til kjørbar og saknet etter ein kvardagsklassikar var etter kvart i ferd med å ta overhand. Så eg rådførte meg med ymse vetige folk, mellom anna med ein kollega som lova meg å sveisa rust, og tok kontakt. Etter eit par veker med preiking og pruting med seljaren lånte eg meg bil, skaffa meg prøveskilt og la av garde over Haukeli.

Det er vel ein skjebnens ironi at det var i Bø eg skulle finna meg ein ny 404, Det var nemleg her den førre eg hadde enda sine dagar. Eg tilbrakte eit par å i telemarksbygda på slutten av åttitalet og då hadde eg ein ’71 Break som rusta vekk framfor augo på meg. Til slutt var det ikkje anna å gjera enn å levera han til den lokale hoggaren. Det var ei tung stund, men minnet om alle kvalitetane den bilen hadde har levd vidare; komforten, den seige motoren, veggrepet, den presise tannstangsstyringa og ikkje minst formgjevinga. 404 er etter mitt syn Pininfarina på sitt beste og ein av dei flottaste sekstitalsbilane i det heile tatt. Og det var nok det siste som i si tid gjorde at 404 satte seg fast i sjela mi. Det var jo ein ganske vanleg bil å sjå langs vegen for nokre år sidan og som fast innslag som politi/røvar bil i franske filmar

Den 404 Berline eg ein gufsen junidag i 1998 var på veg til var i følge seljaren i grei stand. Litt rust, litt lekkasje i ekshaust og litt temperamentsfulle bremser. Bilen hadde hatt ein eigar frå ’70 til 96, ein herre i Vestfold. Kilometerteljaren stod på 65 000, lakk og interiør i toleg bra stand

Med skjelvande hender reiv eg folien frå prøveskilta, klistra dei på og la ut på prøvetur. Det var 7-8 år sidan sist, men eg fann meg fort til rette. Tenningsnøkkel til venstre, blinklysspake til høgre, knapp til vindusviskar midt på dashbordet. Alt slik som det skal vera. Det var ikkje tvil om at eg måtte slå til. Sjølv om bilen var utstyrt med fire utslitne vinterdekk såg eg fram til dei 40 mila tilbake til Bergen.

Og turen gjekk bra den! Det bråka litt meir enn det burde og bremsene tok berre annankvar gong, men pytt, pytt. Eg hadde omsider skaffa meg ein 404 igjen, no fekk det ikkje hjelpa kva det kosta.

Så blei det dyrt?

4 dekk, Continental 1 300
Rustsveising (Kompispris) 3 000
Overhaling av bremser (Inkl. sylindrar, røyr, bremseband, overhaling av caliprar) 6 500
Ymse elektrisk 400
Ymse foringar, inkludert arbeid 1 500

Eg meiner eg har fått mykje bil for pengane. No er han så godt som rustfri, han er driftssikker til tusen og har stil! At bilen berre er kjørt 80 000 skulle bety at eg har bil for resten av livet. Når eg skriv dette står han i vinteropplag, Tida går med å skaffa deler og litteratur. Til no i vinter har eg skaffa meg verkstadshandbok og nye kanaldeksel. Dessutan har eg funne eit firma som kan levera ny gummi til dører og bagasjelokk. Men i mars / april blir det nok lange kjøreturar igjen. I fjor var det Lillehammer i Pinsen som var første langtur. Seinare på året blei det Oslo og ein 3 500 kilometer lang tur gjennom Europa.

Og det beste av alt er at å eiga ein 404 er særs kontaktskapande. Har du delar, synspunkt eller spørsmål så ta gjerne kontakt med meg.

E-mail : oddmundgravdal@yahoo.no

404grus